mandag 8. oktober 2012

Karakterbygging, del 1: Mine viktigaste karakterar, og korleis dei vart til

Ein ting som eg ofte får høyre når nokon har lese tekstar av meg, er at eg har levande karakterar. Difor tenkte eg at å skrive om karakterbygging, ville vere ei enkel oppgåve. Når eg fyrst har byrja å tenkje på saka, ser eg at det er meir komplisert enn som så. For kva er det eigentleg eg gjer når eg skal byggje ein karakter? Eg har gått gjennom mykje av “karakterregisteret” mitt i hovudet, men har problem med å finne kjelda til dei fleste av dei. Eg kan ta nokre dømer:

Robbie Orderbye er ein karakter eg skriv mykje om. Nesten alle novellene eg skriv, handlar om han, og då ofte i fyrsteperson, sånn at dei som har lese fleire av tekstane ikkje alltid veit at tekstane handlar om han. Dei som har lese nesten alt eg har skrive derimot, skjønar det som regel når han er hovudpersonen, uansett kva slags form eg skriv i. Som regel nemner eg korkje namn eller kjønn på hovudpersonen i ei novelle, av di det som regel er irrelevant for historia (dei fleste tenkjer ikkje konsekvent på namnet sitt og kjønnet sitt i laupet av ein dag). Når eg skriv lengre tekstar, er han gjerne og hovudperson. Dei to siste julekalendrane eg har skrive (eit kapittel kvar dag), har handla om han. Han er med andre ord ein viktig person for meg, for tida den viktigaste eg har. Men, korleis kom han til?

Eg skal no gå fram på korleis Robbie vart til, av di han er eit av dei beste døma eg har:

Då eg var ti år gamal, skapte eg Hannah. Hannah var eit fenomen eg nytta til ein debatt på SOL, og ho skapte store debattar. Eg har til og med finne debattar om ho på paranormal.no for ikkje så lengjesidan. Eg skapte ho av di eg ville sjekke korleis folk reagerte på ein tråd. Tråden handla om ei jente som trudde ho var eit spøkjelse. Ho hadde nemleg gått gjennom veggen eit par gongar, og hadde mange grunnar til å tru at ho kanskje eigentleg var daud, men ikkje hadde merka det før lengje etterpå.

Nokon trudde på Hannah, andre gjekk sterkt imot ho. Eg fekk difor stor grunn til å byggje ho ut. Etter kvart som motstanden mot ho auka, måtte eg argumentere som ho, og ho fekk stadig meir personlegheit. Etter kvart måtte eg gjeve ho meir støtte. Ho fekk to vener, Elisabeth og Lucy, som kom inn og støtta ho i debatten. Ei 15 år gamal jente trudde på Hannah, og byrja å snakke med ho på MSN, og då 15-åringen sleit med litt av kvart, og eg hadde bestemt at Hannah var ein klok og smart person, måtte ho kome med støttande råd om problem som hadde med sjølvmordstankar og sjølvskading å gjere. Eg var berre ti, og hadde ikkje høyrd om fenomenet før, men måtte gå inn i rolla som ein smart og reflektert elleveåring som i sannheit var eldre i hovudet enn utanpå.

Eg utvikla Hannah sin personlegheit i stor, stor grad, og samstundes min eigen. (Eg måtte jo tenkje dei smarte tankane før Hannah kunne skrive dei) Hannah skreiv smarte og kloke ting som eg sjølv aldri hadde klart å kome på tidlegare. Eg var rett og slett flink til å flytte inn i eit anna menneske sitt sinn.

Sidan Hannah vart større, måtte venene hennar og verta større. Lucy og Elisabeth. Eg lagde personlegheit på begge. I laupet av 6. og 7. klasse vart eg interessert i vampyrer, og bestemte meg for å gjere Lucy til vampyr. Ho skulle vere ei bleik og tynn jente som drakk blod. Eg vart god ven med Lucy, me vart godt kjend med kvarandre, og hadde mykje til felles. Lucy gjorde meg mørkare av personlegheit, eg byrja å likne meir på ho. Såleis kunne eg flytte så langt inn i Lucy som eg aldri før hadde flytta inn i ein person, og ho måtte difor etter kvart få litt slektningar.

Til dømes hadde ho tre brør, dei var trillingar, og eldre enn ho. Robbie, Glenn og Fabian, heitte dei. Det var naturleg at desse var forskjellege frå kvarandre. Robbie var nærast Lucy, og sidan foreldra deira var vonde menneske, flytta Lucy inn hos Robbie. Robbie fekk noko av den same mørke personlegheita som Lucy. Han skulle og vere vampyr. Det var han ho hadde fått denne eigneskapen av.

Det gjekk mange år der Robbie ikkje var noko anna enn storebror til Lucy, med eit par ekstra eigneskapar. Til dømes visste eg godt korleis han såg ut, og korleis han snakka. Han snakka ei dialekt svært teitt opp til riksmål, han hadde svart hår, han gjekk i mørke klede, og såg svært formell ut. Han var programleiar på fjernsynet. Han var tjuetre år gamal. Han var støttande, hyggjeleg og upersonleg.

For nokre år sida kom eg meir attende til han. Han var med i historier ved til dømes å dukke opp som Lucy sin storebror, men han var berre kort med, og han var alltid svært formell og storebror-aktig. Men, eg visste at det var noko mystisk med han. Mykje av di eg tidlegare hadde bestemt at han var vampyr. Dette med vampyrisme gjekk eg litt tilbake på, av di eg byrja å gjere ting meir realistisk. Lucy drakk framleis blod, men ho var ikkje “vampyr” i den forstand at ho var overnaturleg. Eg lurte på om det same gjaldt for Robbie. Men, han var full av hemmelegheiter, som ingen visste om, og sjølv ikkje eg fekk eit godt blikk inn.

Eg hugsar at eg grubla over kven han var i mange veker. Kva var det med han? Han hadde ein hemmelegheit, men eg visste ikkje kva slags. Ein dag slo det meg, pang: Robbie var ein seriemordar. Det passa han perfekt. Eg fann gradvis ut, gjennom fleire situasjonar eg laga i hovudet, kva han dreiv med.
Menneske som fulgte etter han i mørkret for å finne ut kva han gjorde. Eg sette inn karakterar som eg kjende betre til å fylgje etter han og spionere, sånn eg gradvis fekk vite meir og meir. Til slutt fekk eg lov å sjå ting frå Robbie sitt perspektiv. Eg gjekk mykje kring i tankane hans og oppdaga litt av kvart. Han gjekk frå kald og kynisk til barmhjertig, og eg vart forvirra og skjønte ikkje heilt kva han eigentleg var. Det tok tid å skjøne kva han var for ei skapning. Det var mykje mystikk.

Dette er ganske annleis enn kva eg har høyrd andre fortelje om måten dei byggjer karakterar. Kvar og ein av karakterane mine har liknande bakgrunnar. Dei vart stort sett til gjennom andre karakterar som var mindre viktig. Som regel har eg laga ein karakter som eit konsept, og dei karakterane som ender opp som viktig for meg, er ofte ein ven av ein ven, eller ein slektning, av konseptet eg hadde i byrjinga. Dei kjem sakte til, over lengre tid, og eg nyttar ofte dei same om att og om att, av di det er så mykje å finne i dei.

Eg har aldri dikta opp ein hovudperson som ein hovudperson og opplevd at denne hovudpersonen har betydd mykje. Kvar og ein av hovudpersonane eg skriv om mange gongar, er menneske som starta som noko smått. Som til dømes ein storebror av ei venninne av Hannah.

Når eg vel kven eg skal ta opp og gjera meg kjend med, sånn som til dømes då eg valte å finne ut meir om Robbie Orderbye (som etter kvart berre vart eit kallenamn, og det verkelege namnet vart Robert og Orderbye vart skrive om til Orderby), går det etter kjensler. Eg får plutseleg kjensler for ein karakter. Gjerne ein eg ikkje kjennar så godt. Eg plukkar han opp, og byrjar å dykke inn i personlegheita for å finne ut kva som er der. Korleis gjer eg det? Alt er intuisjon.

Vegard Byfoss. Viktig karakter for meg, over veldig lang tid. Vegard Byfoss er ikkje berre ein karakter. I større grad enn Robbie, er han verkeleg. Han har ein utsjånad, som eg kan fotografere. Eg har bilete av han. Eg har stemma hans, og eg veit korleis han snakkar. Eg har kjenslene hans, og eg har hatt dei teitt, teitt opp til min eigen hjerne. Vegard er ein reell, eksisterande person. Han står ikkje i folkeregisteret som dei fleste andre ekte menneske, men sjølv om reglane menneska har laga for kva som er “ekte person” og ikkje er annleis enn dei eg har, så er og vert han eit menneske som føler og lever, meir enn ein romanfigur, meir enn nokon som er “dikta opp”.

Korleis vart Vegard til og kvifor heitte han Vegard?
Mindre interessant. Nettopp difor skal eg fortelje det:

Eg var tolv år. Eg skulle skrive ei vampyrhistorie. Eg hadde laga eit konsept. Konseptet var: Jente som er redd for blod, ho hatar blod, ho byrjar i ein ny klasse, ho møter eit par grusamma vampyrgutar som elskar blod. Dei går i klassen hennar, og dei irriterer vettet av ho ved å snakke om blod, bite og kutte i ho og drikke ho heile dagen. Gradvis vert ho snudd på hovudet sånn at fobien hennar går over til det motsette, ei like unaturleg kjensle, men mykje meir interessant. Kva heitte desse to gutane? Erik og Vegard. Kvifor heitte dei Erik og Vegard? Jo, av di eg gjennom oppveksten har kjent to rampegutar som heitte Erik og Vegard. Erik frå barnehagen, Vegard frå barneskulen. Etter kvart vart hovudpersonen forelska i Vegard, og Vegard fekk meir personlegheit. Hovudpersonen har aldri vist seg i nokre andre forteljingar. Vegard derimot, tok over alt eg skreiv. Difor byrja eg å skrive livshistoria hans sånn at han skulle halde seg unna dei andre tekstane eg skreiv. Eg har vorte kjend med Vegard frå han var 15 til han no snart er 19, men eg har dykka inn i historia hans frå han var fødd. Eg veit kva han har gjort i kvart einaste år av livet sitt frå til no. Eg veit alt om barndommen hans, og om familien hans. Barndommen hans fant eg ut av for eit par år sidan, og farsslekta hans fann eg ut av på same tid. No for tida finner eg ut meir om farsslekta. Kva dei held på med. Kva for slags folk dei er. Faren har fått mykje personlegheit.

Eg føler ikkje at dette er ting eg “finner opp”, men ting eg “finner ut”. Det er allereie der, eg må berre spørje, føle og forhøre meg med dei for å oppdage korleis ting heng i hop. Av og til kan eg finne opp noko, og føle at det er feil, og difor la det liggje. Ingenting kjem til som eit konsept. Alt er intuisjon.

Lucy er ein karakter eg har kome attende til i det siste. Då eg lagde ho som eit konsept, var ho særdeles annleis enn no. Det har skjedd etter kvart som eg har vorte kjend med ho. Mykje av personlegheita hennar oppdaga eg gjennom Robbie. Eg skreiv om Robbie, og skreiv difor og om Lucy som budde hos han, og fann ut meir og meir gjennom dette. Dette er dømer på ting som har forandra seg grunnleggjande:

- Lucy er tynnare no enn då ho kom til. Ho var tynn, men ikkje så tynn at det var alvorleg. No er ho for tynn til å vere fruktbar, og viss ho mot alle odds skulle verte gravid, vil det ende med spontanabort.
- Lucy har vorte lågare. Før var ho høg nok til at det var normalt, no er ho knøttliten. Eg vil rekne med at ho er cirka 1.50 høg, kanskje til og med eit par centimeter under.
- Ho har vorte meir barnsleg. Tidlegare var ho ganske vaksen, og ho kan og verka vaksen ved fyrste augnekast (sjølv om ho er låg). Ho kan ha vaksne augne, og ein reknar med at ho er moden inni seg som fylgje av alt ho har vore gjennom. Dette er ikkje sant. Då eg fann ut om fortida hennar oppdaga eg og at ho ikkje har forandra seg nemneverdig frå då ho var sju år.
- Ho har ikkje empati eller medkjensle. Lucy har totalt fråvere på emne til å føle det som andre føler. Ho kjennar ikkje noko stikk i hjartet når andre, sjølv ikkje Robbie, har det vondt. Det kan handle om at ho har vore så undervektig at mange områder i hjernen ikkje har vorte utvikla som dei skal. Iallfall eig ho ikkje medkjensle. Dette tok det lang tid før eg skjønte, av di ho oppfører seg som om ho har medkjensle. Viss du gret så trøyster ho deg. I ettertid har eg finne ut at grunnen til at ho trøyster deg, er av di ho likar fysisk kontakt og nærleik. Ho likar menneske som er lei seg, av di dei ligg stille sånn at ho kan liggje oppå dei. Ho er med andre er ei god støtte når ein har det vondt, men ho vil helst ikkje at du skal få det bra igjen. Ho kan faktisk finne på å gjeva broren sin P-piller, av di ho sjølv vart deprimert av å gå på dei, og gjerne vil at han skal vere meir heime.
- Ho har ikkje anoreksi. Lucy er ikkje oppteken av å vere tynn, sånn som eg kunne tenkje tidlegare av di ho ikkje eter noko. Men, ho har ikkje noko imot næring i seg sjølv. Du kan få ho til å ete eit heilt måltid, så lengje du puttar det i ein smoothiemaskin fyrst. Det er å tygge ting ho har noko imot. Kvifor er eg ikkje sikker på, men eg trur det kan vere eit traume frå barndommen.

Cato
Dette er den einaste karakteren eg har som eg lagde som eit tydeleg konsept, og som har vorte viktig for meg. Cato vart til då eg gjekk på REMA1000, tok tak i ei flaske sprutekrem og ein mann sendte eit merkeleg perverst blikk til meg. Eg lagde den same situasjonen i ei historie, men då var det Satan som gjekk i butikken for å kjøpe krem til ei jente han var på besøk hos. Mannen som såg på han var Cato, og dei gjekk heim til han og hadde sex med kvarandre. Cato vart ein mann som likte å forføre tilfeldige menneske, og dette er og ein av dei få eigenskapane han framleis har. Dette er visst ein tvangstanke, og det kompliserer forholdet han no er inne i. Han er tidlegare narkoman (dette visste eg av di han gjekk i slitte klede og så merkeleg ut), som framleis er alkoholikar. Fleire ting om han har eg finne ut av gjennom lang tid. Til dømes:
- Cato har dreadlocks
- Cato har så sterke intuisjonar at han mest sannsynleg er klarsynt, viss det går an
- Han har matchokomplekser (det er det eg kallar det når ein mann er så redd for å verke feminin at han unngår situasjonar som kan få han til å verke feminin)
- Han har legninga “panfili”, men seier sjølv at han er likegyldig og ikkje har noko spesifik legning (dette passar med punktet over gjennom at han aldri er passiv i senga)
- Han lukkar aldri døra i huset (Dette er ting som har vorte interessant gjennom at han går ut av huset, og at døra står open, og dyr kjem inn. Mange av dei har praktisk talt flytta inn, og han kan til dømes finne hønsereir i dusjen. Eg klarer ikkje å få han til å lukke døra uansett kva eg gjer, difor er det meir enn berre eit konsept, det er eit uforanderleg faktum)

Sidan han er sexavhengig må han sjølvsagt ha ein god knullekompis. Jakob. I byrjinga var Jakob same person som Cato men berre i ein annan kropp, men etter kvart har eg finne ut meir om han og, gjennom å snakke som han i dialogar med eit anna menneske sine karakterar, og debattere under namnet hans.

- Jakob er dramatisk. Dette er motsett av Cato. Cato er likegyldig og avslappa kring alt, han er fullstendig sløva ned, kanskje som fylgje av heroinen han har gått på. Jakob er motsett. Han har gått på amfetamin, og dette kjem inn i personlegheita hans ved at han er paranoid og engsteleg heile tida. Han har store redde augne og er full av konspirasjonsteoriar som ingen har høyrd maken til.
- Jakob trur på alt han høyrer. Uansett kva ein fortel Jakob, aksepterer han det som sanninga. Det einaste ein ikkje kan forandre, er ideologi:
- Jakob er kommunist.
- Han er kjønnslaus. Med at han er kjønnslaus meiner eg ikkje at han ikkje er ein mann (sjølv om han er tjuefire lurer eg på om det ikkje er meir korrekt å kalle han ein gut, då han sannsynlegvis ikkje er eldre enn femten i hovudet), men at det ikkje er spesielt viktig for han å vere det. For det fyrste vil det seie at han ikkje har nokre trekk som er korkje maskuline eller feminine. Dette er ikkje noko ein tenkjer over med ein gong, av di han går i bukse og genser og ting som godt kan passere som manneklede, men eg trur han vart forvirra då han kom i puberteten, og lurte på kvifor stemma vart mørkare og kvifor han fekk så mykje hår her og der. Men, han har ikkje noko ynskje om å få ein kvinnleg utsjånad. Viss Jakob hadde vore aseksuell, ville han mest sannsynleg hatt lyst på ein operasjon som gjorde han totalt kjønnslaus. Viss Jakob hadde hatt ein damekropp, ville han sannsynlegvis ikkje hatt noko ynskje om å ha ein mannekropp, på same måte som han ikkje vil ha ein damekropp når han har ein mannekropp. Han er med andre ord svært likegyldig til heile fenomenet, og ender opp med å vere den mest androgyne karakteren eg har, sjølv om ingen ville gjetta det ved fyrste augnekast.

Eg har nok snakka meg vekk her og der, men no har eg gått gjennom korleis mange av dei viktigaste karakterane mine vart til. Eg kunne fortsette i all æve med karakterar som er viktige, men eg stoppar her. Eg har fortald korleis dei kom til, korleis dei vart forma etter kvart og korleis eg vart kjend med dei. Dette er ein slags intro til det eg kjem til å skrive meir om, nemleg karakterbygging. Då kjem eg til å rive meg laus frå mine eigne karakterar, og fortelje om triks ein kan nytte for å verta kjend med nokon. Eg kan kome til å nytte dømer, men berre som verkemiddel til å få fram korleis ein kan nytte dei forskjellege framgangsmetodane.

Følg med!

fredag 7. september 2012

Daniel - Manual

Ofte, når det er menneske eg gjerne skulle snakka med men som eg var norske og norm-messige grunnar ikkje tek kontakt med allikevel, tenkjer eg at det hadde vore flott om alle menneske hadde ein manual på seg. Det har me jo, det er berre ikkje sånn at andre kan sjå det. Når ein startar i ein klasse til dømes, skulle heile sulamitten ha starta med at alle delte manualar med kvarandre, sånn at ein visste korleis kvar og ein fungerte. Men, ein kan ikkje starta med å forandra verda, ein må nemleg starta med seg sjølv. Difor skal eg skriva ein manual. Dette kjem til å verta det mest personlege innlegget som vil vera å finna på denne bloggen, men siktemålet er altså den gode ideen om å få alle til å dela manualen sin. Les nøye igjennom. Eg kjem til å fletta inn generelle ting undervegs, men dette set eg i feit skrift for å skilja:

Starten er ofte det vanskelegaste. Somme menneske likar ikkje å verta kontakta av folk med mindre det er ein ekstremt god grunn til at kontakten skal skje. Difor tør me heller ikkje snakka til folk me ikkje kjennar, uansett om me veit at me eigentleg burde. Er det ein kar som går åleine i klassen, vil ingen taka kontakt. Somme av di dei er for opptekne med sin eigen klikk, andre av di dei tek "høflig avstand". Veit ikkje korleis ein tek kontakt. Veit ikkje kva ein skal seia og kvifor ein skal seia det. Etter kva eg har lært, er mykje av grunnen til dette, rett og slett at folk ikkje likar å verta kontakta, sjølv om dei seier dei er open for nye vener og det eine med det andre.

Knert: "Hei!"
Knut: "Hei...?" (Skeptisk rynke i panna)
Knert: "Korleis går det?"
Knut: "... Bra?" (Endå meir skeptisk rynke i panna)
Knert: "... Okei! Så fint!" (Vente på at Knut skal seia "der a?", Knut seier  ikkje "der a?", Knert går)

No kan sjølvsagt Knert gå til gjengen sin og himla med augo over Knut, medan Knut går attende til sin eigen plass. Inga skade er eigentleg skjedd med Knert. 

Verre er det viss Knut skulle teke kontakt med Knert og det var Knert som rynka panna og stilte spørsmålsteikn. Då lærer Knut at han ikkje skal snakka med dei i klassen, for dei i klassen er ikkje interessert. Etter kvart gjev han opp, så når Knert kontaktar Knut til slutt, er Knut skeptisk og tør ikkje taka initiativ attende, av di han veit at han kan verta avvist - sjølv om det var Knert som tok kontakt.

Difor går me ikkje til framande som ser kule ut, som ser ut som dei er "ein av meg". Eg går ikkje til folk berre av di dei har converse og stilig skjorte, av di dei har fint hår og er låge, drikk mjølk frå kartongen på open gate og går me tekopp heile dagen, ikkje ein gong viss koppen er lilla. Sjølv ikkje viss dei har button med partiet mitt og "skisser og fortellinger" med Franz Kafka. Sjølv ikkje viss dei står og snakkar om romanen dei held på å skriva og kort sagt er midt i blinken for ein som meg. Aldri i livet. Kvifor gjer eg ikkje det? Jo, det seier vel seg sjølv. 

"Hei! Du er kul!"
"... Okei? Og du er...?"
"Daniel!"
"Okei... Har aldri sett deg før...?" (rynke, rynke, rynke)
"Ånei, unnskuld, du var visst ikkje så kul allikevel, ha det godt!"

Nei, nei. Det gjer ikkje eg. Når me fyrst er inne på meg. Eg er relativt tøff der eg står. Iallfall etter mi smak (hadde eg ikkje meint det, hadde eg skifta stil og åtferd til noko tøft, berre for igjen å meina at eg var tøff). Når eg står på gata, og du ikkje veit kven eg er (diverre har du lese bloggen min, så du veit jo kven eg er, men sett at du ikkje visste det), kva gjer du då? 

Eg skriv dette utifrå røynda, for eg har møtt menneske, framande, som har snakka til meg på gata. Her kjem det altså:

Daniel er open for kontakt med alle. Daniel er ein av dei enklaste å få kontakt med viss du fyrst er interessert, og grunnen er at han ikkje har same oppfatning av normer og reglar som andre nordmenn har. Daniel kan sitja på med framande i bilen, sjølv om han har høyrd at det ikkje er greitt, Daniel har gitt ein klem til ein framand fyllikk av di fyllikken hadde lyst til det. Daniel kan avsløra at nokon kødderingjer og allikevel lata som han trur det er ekte, rett og slett av di han tykkjer det er morosamt. Viss du stoppar, ser ut som du har god tid, og seier hei, så vil du få eit hei.

Spanande informasjon for ein framand:

- Daniel bryr seg ikkje om kven du er. Iallfall ikkje i normal forstand. Når folk flest seier "kven er du?" meiner dei "kvar har eg sett deg før?". Daniel veit at det ikkje er alltid ein har sett nokon før. Difor spør han heller ikkje kvar han har sett deg før. Han spør i staden kva du skal gjera etterpå, kvar du er på veg og korleis du strikka den spanande lua di. Det er mykje meir nyttig informasjon enn eit svar som i verste (eller etter mitt skjønn, beste) fall kan vera "du har ikkje sett meg før, eg ville berre snakka med deg".

- Daniel bryr seg ikkje om det du seier er "sant" eller ikkje. Båe positivt og negativt.
* Negativt: Viss du skal baksnakka nokon, så hjelper det ikkje at det du seier er sant. Du prøver å ta fra nokon moglegheita til å presentera seg sjølv og gjeva eit inntrykk av seg sjølv på eigahand ved å gjera det for personen, og det vil verta hugsa på. Igjen; det hjelper ikkje om det er sant. Det har ingenting å seia. Sant/usant. Totalt uinteressant!
* Positivt: Du kan lyga for å fanga interesse. Du kan seia "hei hei, veit du kva, eg har høyrd at du likar hunder, og eg har ein hund eg! Ho heitte (...)", berre for å starta ein samtale. Etter samtalen er slutt kan du seia "eg har eigentleg ikkje denne hunden, det var berre for å (...)" utan at det vil vera provoserande. Kort sagt kan du lyga om det meste, så lengje det kan skapa ein fin samtale. (Å lyga om "nokon baksnakka deg" er ikkje ein måte å starta ein fin samtale)

Ta til dømes religion som eit døme.
Sjølv om Daniel ikkje har same religion som deg, slepp du å forsvara religionen din. Difor står du fritt til å snakka om religion utan å måtte halda forsvarstale. For om religionen din er "sann" eller ikkje, er fullstendig uinteressant. Det interessante er kva du meiner.

Du kan og lyga om informasjon. Du kan lyga om alder, namn, legning, kort sagt kva som helst, så lengje du ikkje skal nytta løgnen til å øydeleggja for Daniel eller spionera på oppdrag frå nokon onde jævlar. Viss du eine og åleine nyttar løgnen til å verka meir interessant, er det berre å fyra laus. Faktisk vil Daniel føretrekkja om du lyg for å verka meir interessant, framfor å berre seia keisame fakta som "ingenting" og "masse rart". Sei gjerne at du har gjort ting i dag som du ikkje har gjort, men som du ynskjer du gjorde. Kva du ynskjer å gjera seier minst like mykje om deg som kva du faktisk gjorde.

Eg vel å leggja fokus på sannheit og løgn av di dette er noko av det mest interessante i denne manualen. Menneske har eit sterkt behov for "sannheita", medan eg ikkje har noko spesiell tanke om kva Sannheit er. Sannheita er i stor grad subjektiv. I og med at heile vår oppfatning av verkelegheita føregår i hjernen vår skapt gjennom sanseinntrykk (forskning er og berre oppfatta gjennom sanseinntrykk), betyr det at i mange tilfeller er det ikkje så viktig om sanseinntrykka vart oppfatta av sansane fyrst og deretter lagra i hjernen, eller om dei lagra seg i hjernen utan å fyrst verta oppfatta av sanseinntrykk. Informasjonen er der. Og med mindre det vil skapa praktiske problem å seia ei sannheit som aldri har skjedd i andres sanser, er det fullstendig uinteressant om andre er i stand til å oppfatta det same som deg eller ikkje.
La oss går over til små tips og triks for å verta populær hos Daniel:
AugnekontaktDaniel elskar augnekontakt. Menneske utan augnekontakt får sjeldan tillitt eller interesse, av di augo er "sjelens speil" og difor vil seia alt om kven du er. Med mindre du er blind, vil mangel på augnekontakt føra til skepsis og minus i boka. Er du redd for augnekontakt? Då kan du flakka med blikket og visa tydeleg at du er redd for augnekontakta. La pupillane fara hit og dit. Då verkar du usikker. Det gjer Daniel meir sjølvsikker. Han kjem til å snakka endå meir.

AugnebrynFor å verta populær hos Daniel, er det viktig kva du gjer med augnebryna. Daniel er heftig traumatisert av alle dei rynka augnebryna som finst på nesten alles panner, og så snart du rynkar panna, vil minusa formera seg som larver i eit varmt søppelspann. Pass på. Ikkje noko pannarynking. Ikkje noko nedlatande slesk nedovermunn. Det er frykteleg upopulært, og den einaste måten å veiga opp for ein sånn åtferd, er å snakka som ein foss medan du gjer det.

Tilfeldig prat om kreative tingÅ vera kreativ og original er alltid eit pluss. Kom gjerne bort og prat om det som skjer i hovudet ditt akkurat no. Sjølv om det er sprøtt - gjerne viss det er sprøtt. Snakk om filosofi. Snakk om politikk. Snakk om eit tema. Eit tema slår alltid gjennom.

Kompliment
Det finst menneske som ikkje likar kompliment. Eg har sett det sjølv. Ein gong, då eg var yngre, sa eg til ei dame at ho hadde stilig stil og at ho verka kul. Ho svarte fylgjande:
"... Eh... Du er tolv år..."
Ho avviste altså eit kompliment av di gjevaren av komplimentet var tolv år. Sjølv vert eg glad når eg får kompliment av 12-åringer, det gjev meg tru på framtida, på at neste generasjon kanskje er ein betre generasjon enn denne generasjonen. Dessutan er komplimentet like gyldig uansett kven som gjev det. Er eg fin, så er eg fin. Uansett om det er er ein 50-åring eller ein 14-åring som har observert det faktum. For andre er eg kanskje stygg, men dei kan halda kjeft. 
Eg lurer ikkje på kvifor folk ikkje gjev kompliment til kvarandre. Her var nemleg svaret på det spørsmålet. Det finst folk som ikkje tek kompliment til seg, som er nedlatande mot nokon som er hyggjelege mot dei. Eg håper personleg at den slags menneske vert utrydda med tida.
Daniel er alltid glad for truverdige kompliment. Uansett kven dei kjem frå. Når ein 56-år gamal mann skriv "du var kjekk :-)" på Gaysir, svarer Daniel "Takk skal du ha, det var hyggjeleg å høyra :- )", der mange andre skriv "æsj du er femti eg er ikkje kjekk når du er femti, GRIIIIIS :s", så ventar Daniel med å stempla deg som pervers til du faktisk skriv noko perverst. Det er hyggjeleg å høyra at ein er kjekk uansett om det kjem frå ein gris eller eit lam. Kjekk er kjekk. Intensjonen og personen er mindre viktig.

Så, kor mykje kjærleik kan du visa når du fyrst byrjar å kjenna Daniel litt? Kan du seia ting som "eg er glad i deg <3333", "eg er så glad for at du finst" og "du er jammen litt av ein koseklump"? Somme vert sure, sinte og redde av den slags. Mange, spesielt viss dei er gutar, vert livredde og trur det er verdas undergang. 
Daniel likar, som sagt, kompliment. Fyr laus. Det er ikkje flørting før du har sagt at det er det.

Syting og klaing
Mange menneske likar ikkje "syting" og "klaging". Viss situasjonen er rett/feil, kan det og vera valdsomt irriterande. Å stoppa nokon på veg til timen for å fortelja at timen er keisam og det eine med det andre, er syting og klaging. Å stoppa nokon på veg til timen for å fortelja at du er så trist og lei, er ikkje syting og klaging, men derimot ei tillitserklæring (spesielt fyrste gong du gjer det). Mange reagerer negativt på tillitserklæringer. Dei føler at dei er til nytte, og det skremmer dei. Ingenting er verre enn å vera til nytte, då vert ein nemleg "brukt". Og å vera ein som nokon kan bruka, er jo aldri noko gøy. Då er ein jo til hjelp for andre, og det kan ein ikkje ha noko av. Difor vil mange og vera redde for å syta og klaga, spesielt til folk dei ikkje kjennar. Det er ikkje sånn at ein snakkar med framande om problem. Ein sender ikkje ein lang E-post til ein tilfeldig i klassen som ein ikkje kjennar spesielt godt for å fortelja kor vanskeleg ein har det heime.
Daniel vert ikkje brote ned av andre sine problem med mindre personen nyttar problema sine konkret for å øydeleggja Daniel. Daniel vert faktisk ikkje påverka i det heile. Ikkje av di han manglar empati og medynk, men av di han tykkjer det er betre at nokon snakkar med han enn at dei held kjeft. Å ha ein sugekopp i nakken heile dagen som sit ved sidan av ein i timen og fortel om problema sånn at ein ikkje får konsentrert seg om skulen, er ikkje noko kult. Ei melding på Facebook derimot, kan vera heilt i orda. Daniel elskar å vera hobby-psykolog, og gjer det gjerne heile tida. Andres problem er andres problem. Å hjelpa til å letta hjartet til nokon er ikkje fælt og vondt. Daniel likar det. Det kan høyrest sadistisk ut, men det er mest sannsynleg ikkje sadisme, heller ei vissheit om at problemet er der uansett om han veit om det eller ikkje - og ei vissheit om at han vert oppfatta som eit menneskje som er greitt å koma til.

UkvemsordDaniel er ikkje spesielt glad i ukvemsord av den mindre kreative typen. Vil ein skåra poeng, er det absolutt flott med eit fargerikt språk, men viss ein skal nytta ukvemsord, så er kreativitet viktig. At nokon seier "faen" og "jævla" er ikkje eit problem i seg sjølv, desse er ord så vel som andre ord, sjølv om det ikkje er vakre ord; men når det er dei einaste orda ein nyttar, då er det plutseleg ikkje så stilig lenger. "Faen" som eit utrop er fullstendig akseptabelt, medan "faen meg" som erstatning for "verkeleg" ikkje er like imponerande. Daniel studerer ikkje folk med lupe og lyttar til dei så nøye han kan for å finna feil, og så lengje ein ikkje nyttar kjønnsorgan som skjellsord (det høyrest som regel så dumt ut at det er til å få gåeshud av), går det som regel bra.

Riktig grammatikkDaniel er glad i og respekterer alle dialekter, men han er framleis glad i rett grammatikk. Menneske som skiljar mellom "han" og "ham" får automatisk meir respekt enn menneske som seier setninger som "han slo han" eller "henne slo henne" eller "hun slo hun". Spesielt når det er grammatiske reglar dei fleste ikkje nyttar, kan ein fort imponera med grammatikk. Seier du "i henhold til" eit par gongar i laupet av samtalen er det til dømes svært imponerande, ikkje av di det er kult å snakka vanskeleg og avansert, men av di du ikkje seier "i  forhold til", som er det mest vanlege no om dagen.

Å vera snillSnillheit er imponerande. Alle teikn på at eit menneskje er snill og i tillegg er stolt av å vera snill, vil imponera i massevis. Viss du vil imponera Daniel bør du difor halda deg unna triks som "eg ler når eg ser tortur", "eg tykkjer ikkje Saw er så ille", "eg mishandla ein frosk ein gong det var lættis" og "sjå på ho der borte a ho er skikkeleg svak og griner for ingenting".

Alle teikn på medynk og menneskelegheit er bra, alle teikn på det motsette er dumt. Grunnen er at dei som prøver å sjå tøffe ut hovudsakeleg framstår som traumatiserte og stolt av det, tomme for innsikt eller rett og slett mindre intelligente. Å mangla medkjensle er ikkje meir imponerande enn å mangla IQ, eller nokre andre funksjonar. I mange tilfeller er det heller verre.

*

No skal me gå over til noko nytt.

Du har gjort noko dritteit, og no tykkjer Daniel at du er ein jævla idiot som ikkje er verd å snakka til igjen. Du tykkjer og at du er teit, for det du har gjort er rett og slett så dumt at når du tenkjer etter vert du flau. Kva skal du gjera?

Gå til Daniel, sei "unnskuld det var faen meg teit eg vert flau berre eg tenkjer på det", og så er det i orda. Ikkje noko meir tull. Daniel har eit stort hjarterom, og kan tilgjeva det aller meste. Meiner du det ikkje meir, er det ikkje deg meir, og det er heller ikkje deg aggresjonen skal falla på.

Kva gjer du viss Daniel luktar sveitte eller har dårleg ande?
Dette er ganske lurt å ha i ein manual. Eg lurer ofte på kva eg skal gjera med folk som luktar vondt på den eine eller den andre måten. Viss eg har ein ven som stinkar sveitte, veit eg ikkje kva eg skal gjera, for det er svært individuelt korleis folk taklar forskjellege ting. Til faren min eller broren min, vil eg til dømes seia "ÆSJ FAEN FOR EN STANK SKIFT GENSER MED EN GANG!!", medan mora mi ville fått "*snus snus* hmm... kanskje du skal skifte genser?" 
Det verste Daniel veit, er når folk prøver å vera forsiktige og taka omsyn, og så får dei det ikkje til av di dei prøver for hardt. Eit døme er å sitja ved sidan av ein ven i sofaen, venen rynkar panna, ser bekymra og alvorleg ut, nesten som hin skal fortelja at nokon er daud, og så seier hin: "... du, eg må seia noko... ikkje for å vera frekk... ikkje ta det ille opp eller noko..." (...) "... men du luktar litt sveitte...".

Korleis i all verda skal ein svara på noko sånt, då?

"... ja... eg forstår... det var flott at du sa ifrå... mhm..."

Skal du seia noko sånt til ein Daniel, er det beste å gå rett på sak.

Viss de er åleine:
"Gå og skift genser, du luktar forferdeleg"
"*host, host* Kva faen er det der for ein stank, pell deg på badet og puss tenna."

Er det folk der er det sjølvsagt verre, av di det ikkje er mykje å gjera med stank frå kroppen når ein ikkje har alskens parfyme og tannbørste og deodorant med seg uansett kvar ein går.

Kva gjer du viss Daniel er stygg på håret?Fortel Daniel kva han bør gjera med håret. Daniel likar ikkje at folk ventar med å seia kva som er gale med håret til håret er bra igjen. "Du var stygg på håret før" er nemleg ikkje spesielt nyttig informasjon, spesielt ikkje når ein er svært oppteken av håret. Difor er det mange gongar betre å seia "klepp deg", "ta på lue", "ta panneluggen motsett veg" eller andre råd. Daniel er svært oppteken av utsjånaden, og treng å veta ting med ein gong. (Og då sjølvsagt ting ein kan gjera noko med, å veta om ting ein ikkje kan gjera noko med, er ikkje like nyttig)

Kva gjer du viss Daniel har haldt eit dårleg foredrag og du gjerne vil trøysta han?
Mange vil seia "så flink du er", men setninga "så flink du er", er absolutt ikkje oppmuntrande. "Så flink du er" er det same som "dette gjekk dårleg, no prøver eg å få deg til å føla deg betre av di du sikkert har frykteleg dårleg sjølvtillitt". Daniel har ikkje spesielt dårleg sjølvtillitt, iallfall ikkje når det kjem til ting han vanlegvis er god i, som skriftlege og munnlege presentasjonar. Viss Daniel har gjort ein dårleg jobb, er dette noko han ser sjølv. Når du då seier "så flink du er", verkar det meir som om du ser på han som ein 6-åring enn som du faktisk ynskjer å oppmuntra. Viss du absolutt skal seia noko (og det er til å føretrekkja om du gjer det, for stillheit er mykje verre), er det mykje betre å vera direkte:
"Huff då, dette gjekk skikkeleg ræva, har aldri sett deg prestera så dårleg før. Du klarer betre enn det der neste gong!"
Når du seier noko sånt, så seier du og: "Det er vanlegvis ikkje så dårleg som dette. Talentet ditt er vanlegvis så stort at eg ikkje er redd for å seia ifrå når det går dårleg."

Viss Daniel verkar surAlle er sure av og til, og Daniel er ikkje noko unntak. Saka er at Daniel ofte ser sur ut utan at han er det. Han har eit andlet som ofte smiler, men når han gløymer å smila, så fell munnvikene nedover. Spesielt når han tenkjer og konsentrerer seg (noko han alltid gjer når han ikkje snakkar med nokon). Han vil difor ikkje bita hovudet av deg viss du røyrer ved han allikevel. Dessutan er han særdeles lett å muntra opp att viss han faktisk er sur på ordentleg. Han vert heller ikkje surare av at nokon seier "er du sur?" sånn som mange andre vert.

Lurer du på korleis det går?Dette er noko som er viktig å ha i ein manual, og eg skulle ynskje alle andre gjorde det same. Viss du skal laga ein manual sjølv, er dette noko av det viktigaste, for eg lurer stadig på dette om andre menneske. Kva skal ein gjera viss ein lurer på om det går bra?
Å seia "går det bra?" er noko ein bør unngå med mindre ein faktisk vil veta svaret. Det er ikkje hyggjeleg å få eit "korleis går det?" når ein veit at det einaste akseptable svaret er "bra" eller "ja", og at det ikkje er lov å svara noko anna. Forøvrig finst det to varianter av "korleis går det".

Variant 1: På bussen, småprat, "korleis går det?" i form av "kva gjer du for tida?" Her er svaret som regel: "Jo då, eg gjer jo ditt og eg gjer jo datt (...)". Dette spør alle kvarandre om, uansett humør, og det er ikkje noko gale i å spørja ein Daniel om det heller.

Variant 2: Eit menneske ser trist ut eller har nettopp vore borte frå skulen/jobb i mange veker, og du lurer på om det faktisk er noko gale. Du spør "korleis går det?", og uansett om personen seier ja eller nei, veit ein godt at svaret er nei.

Når me kjem til variant 2, er det ikkje sympatisk å spørja ein Daniel om det går bra når det ikkje er lov å seia nei. Det er meir nedmuntrande enn oppmuntrande. Daniel kjem og til å seia "ja" når han veit at det ikkje er lov å seia "nei", og han kjem til å seia "bra" når han veit det ikkje er lov å seia "dårleg". Han kjem og til å seia "bra" viss han til dømes har dårleg tid. Så, viss ein spør for å vera sympatisk, spør ordentleg. Ikkje spør medan du løper forbi. Ikkje spør midt i ein haug av andre menneske. Viss ein spør berre for å visa sympati, kan ein heller seia noko anna, som til dømes "huff og huff" eller "au og au" eller "håper det ordnar seg" eller "herregud for ein teit lærar" eller "det der såg neimen ikkje mykje moro ut". Daniel svarer ærleg viss du ser ut som du har god tid og det ikkje står menneske overalt.

(Det finst og ei moglegheit for at det faktisk går bra, svaret "bra" er ikkje berre løgn og fanteri.)

Praktisk informasjon

Er det greit å stilla private spørsmål i all offentlegheit (midt i eit klasserom, midt i ein korridor, på open gate, som kommentar på bloggen, på Facebook-veggen):

Nei, det er ikkje greitt. Gjer du dette, vil du aldri kome vekk frå svartelista. Daniel elskar privatliv, og viss du blottar privatlivet utover ein plass der alle kan sjå det, er dette kanskje den einaste tingen det ikkje hjelper å seia "unnskuld" til etterpå. Kva som er privat og ikkje er noko ein bør kunne tenkja seg til sjølv.

(Spørsmål om alvorlege, grusame og mørke ting er privat. Alt som har med kropp/sex/intimitet å gjera er privat. Ting du veit men som du ikkje burde veta, og som du veit av di nokon har kviskra det i øyret ditt, er privat. Er noko privat, vil det og seia at du ikkje skal snakka med andre enn Daniel om det.)

Er det greitt å setja seg med Daniel på bussen?
Mange likar å sitja åleine på bussen, difor er dette ein grei ting å svara på. Daniel har ikkje noko imot om nokon sit ved sidan av han på bussen. Spesielt ikkje viss han kjennar dei. Viss han kjennar dei er det faktisk ein fordel om dei set seg med han på bussen, å gå rett forbi er frekkheit.

Er det greitt å snakka med Daniel om sexlivet sitt?
Ville du dratt ned buksa og fått ei utlausing i andletet på Daniel her og no? Viss nei; ikkje snakk om sexlivet ditt med mindre du får lov. Viss ja; ha deg vekk. Det er generelt få menneske som får lov å snakka om den slags. Snakk med nokon andre.

Tykkjer Daniel koffert-humor er morosamt?
Ja, men kun viss det faktisk handlar om ein koffert. Viss det ikkje handlar om ein koffert, er det svært sjeldan morosamt. Kofferthumor er ikkje meir morosamt enn humor som handlar om å gå på do eller om å vaska seg, kun mindre kreativt. Uansett kva du seier har ein høyrd det før.

Er det greitt å gjeva Daniel ein klem?
Det er alltid greitt å gjeva Daniel ein klem. Uansett kven du er, kvar du er og når det er.

Kva gjer du viss Daniel ikkje svarer?
Bytt til ei anna form for kommunikasjon. Det går an å kommunisera utan å nytta stemmebanda. Ver kreativ.

Er det meir du lurer på, meir praktisk informasjon om korleis nytta ein Daniel, som hadde vore fint å ha i denne manualen? Spør vekk! Og viss du skriv din eigen manual, legg gjerne link i kommentarfeltet.

tirsdag 31. juli 2012

Ord til inspirasjon

Dette er eit inspirasjonstips som fungerte godt for meg då eg ville skriva mykje over kort tid - sånn at eg kunne få så mykje som mogleg trening i sjangeren eg ville verta god i. For å gjera dette, treng ein eit menneskje til.

Eg fekk kjærasten min til å gjeva meg ei liste med 20 ord. For kvart ord skulle eg skriva ei forteljing/novelle. Det er den sjangeren eg har lyst til å verta god i. Ho skreiv orda med tanke på kva som passa til meg, kva ho tenkte hadde vore interessant å sjå meg skriva om, kva ho tenkte ville verta litt av ei utfordring for meg og kva ho tenkte eg ville lika å skriva om. Båe ord som passa og ord som ikkje passa.

Eg har jobba med lista ganske lengje no, men hovudregelen er at eg skal skrive tekstene i riktig rekkjarfylgje og at eg skal skriva alle. Kan ikkje hoppa over nokon eller gjeva opp. Kan ikkje seia "vil ikkje meir" og stoppa. Må fortsetja til eg er ferdig. Difor tenkjer eg, kvar einaste dag, på neste ord i lista. No skal eg fortelja litt om korleis eg har tenkt.

Det fyrste ordet på lista, ord 1, var ordet "Begynnelser".

Eg har skaffa meg ei lita bok som eg kan tankerangle i, så i den boka står nesten alt eg har tenkt for kvart ord. Eg spurde mor mi kva ho tenkte om "begynnelser". Ho tenkte dette:

 " Egentlig eksisterer jo ikke begynnelser, alt begynner liksom hele tida".
Det var jo ikkje dumt. Eg valte å skriva ei forteljing om "begynnelser", på ein ganske klår måte. Eg skreiv ei forteljing der poenget var at ting starta heile tida. Det vart noko søtt. Ikkje noko vanleg mønster i handlinga. To gutar som set seg i ein buss, dreg til ein plass der dei skal bu for ein stund og så skal dei sova. Eg nytta masse setninger som "her startet begynnelsen på en lang tur" og "dette var begynnelsen på en god natts søvn". Her var det viktigare korleis eg skreiv enn kva eg skreiv om.

Neste ord, ord nr 2, var ordet "Renhet".
Her spurde eg og mor mi om kva ho tenkte, og ho tenkte det at reinheit var noko som kunne vera kjekt, som til dømes når ein kjem heim til eit hus og det er vaska og rydda og ein føler at ein er velkommen. Men, det finst og ei anna type reinheit - andeleg reinheit, som ikkje er like hyggjeleg. Religiøse menneske likar å vera opptekne av "andeleg reinheit". Dette er slett ikkje alltid like hyggjeleg.

Då valte eg å setja ein kontrast mellom fysisk og andeleg reinheit.
- Religiøs heim.
- Slem fanatisk far.
- Dottera har kyssa ein gut.
- Han vert sinna og bankar ho overalt sånn at ho vert full av jord og blod og andre fysisk skitne ting, medan han seier at ho er skitten.
- Bror hennar, som er forteljaren i historien (eg vel som regel å skriva om fæle ting frå perspektivet til nokon andre enn den som er inni det, det vert som regel meir levande) plukkar ho opp og puttar ho i badekaret for å vaska ho.
- Ho sit der og er trist for at du er skitten.
- Ja, seier bror hennar, du var svært skitten, men det var ikkje kysset som gjorde det.

Eg kalla teksta "Ren og fin". Teksta var på bokmål, av di hovudpersonen var ein bokmålsperson. Eg kalla teksta "ren og fin" og ikkje berre "ren" (no er me tilbake til titlar, det kjem fleire innlegg om det) av di "ren" fort vert for alvorleg og jålete til at det får rette kjensla. "Ren og fin" derimot er eit vanleg uttrykk som folk nyttar, og i stil med det som skjedde, er det kanskje ein ekkel kontrast?

Som du ser tenkte eg svært forskjelleg i desse to tekstene. Eg har ikkje skrive alle på same måte, sjølv om det er same liste. Av og til vert det lange noveller med handling, andre gongar er det meir reflekterande tekster. Det varierer frå asosiasjon til asosiasjon.

Eg ga kjærasten min ei liste med 13 ord (ho har det med å skriva færre tekster, så 20 hadde vore for valdsomt). Desse orda var tilpassa hennar måte å skriva på.

Uansett er dette ein metode som er flott å nytta når ein vil ha trening i ein sjanger. For å få god trening i ein sjanger må ein skriva mykje (mykje, mykje), helst kvar dag, og ideer kjem ikkje alltid av seg sjølv. For meg er eit ord nok til å skapa ein ide, mange av historiene låg allereie djupt i hovudet mitt. Fleire av tinga eg har skrive er ting eg delvis hadde planlagt tidlegare, men ikkje finne noko bestemt plass til. Andre ting kom av seg sjølv etter litt refleksjon kring ordet eg hadde fått. Ofte har eg planlagt fleire ord før eg skriv eit. I inspirasjonsboka hadde eg til dømes fleire sider med ferdige historier utan å ha skrive nokre av dei.

Eg kan ikkje leggja ut ei liste med tjue ord, for det er individuelt om ein ynskjer å skriva kåseri, forteljinger, artiklar eller dikt. Men, ta gjerne utfordringa, finn nokon som kan gjeva deg ei liste med ord (til dømes eg), og skriv i eit heftig tempo til lista er ferdig. Gjerne ei tekst kvar dag. Det finst alltid tid for den slags.

mandag 9. juli 2012

Titlar


Det å laga tittel til ei tekst, kan vera vanskeleg. Ein har eit forhold til teksta og til innhaldet, men å presentera det kort med eitt eller fleire ord, og samstundes få det til å sjå bra ut, kan vera verre.  For dei fleste er det noko som vil koma automatisk, av og til kanskje før ein har skrive teksta, andre gongar i lang tid etterpå. Det er mange måter å tenkja på. Her er nokre forskjellege:

NAMN:
Det å ha eit namn som tittel, kan vera interessant. Som regel kjem det anpå namnet ein vel. For ikkje så lengjesidan skreiv eg eit dikt som eg kalla "eirik", men litan E, av di diktet handlar om denne personen "eirik", og namnet hans går igjen gjennom heile teksta. Viss ein skal skriva ei rekke noveller, som ei slags serie, med forskjelleg hovudperson i kvar, kan det og fungera med namn for å skilja dei frå kvarandre. Då bør det sjølvsagt ha eit fellesnamn og.

Victoria av Hamsund, er eit døme på roman med eigennamn som tittel. Eller Pan. Eller Lucie av Amalie Skram. Alle tre namna verkar tiltrekkjande på meg.

For meg ser dei store og flotte ut, men det kan og fungera vel så bra å velja namn som er det motsatte. "Stig-Arne", er ei bok eg ganske så sikkert hadde valt å sjekka ut. "Pål-Egil". Korte dobbelnamn som gjerne inneheld Æ, Ø eller Å. Uformelt.

Det finst sjølvsagt ikkje berre namn på menneske, men namn på plassar. Ein fiktiv plass, eller ein verkeleg plass. Plassen der handlinga føregår, eller plassen der hovudpersonen har lyst til å vera. Namnet på ei gate, namnet på ein by, namnet på eit hotell eller namnet på eit land. Det er sjølvagt ingen god ide å kalla ei historie for "India" berre av di handlinge føregår i India, viss ikkje "India" er eit stort tema i teksta.

Her finst det spanande variantar!

Viss ein til dømes puttar inn eit anna ord. "Kjærlighet i København" (då må du venta å trekkja til deg hovudsakeleg kvinner i 40-50åra).For å fortsetja i same dur, kan me jo skriva "Middag i Paris", "Frokost i Stockholm" og "Soloppgang i London". Eller, ein kan velja små byer. Ein kan til og med prøva seg på bokstavrim. "Helvete i Horten", "Liv i Lakselv" og "Oldemor i Oldefjord".


SUBSTANTIV:
Å ha eit substantiv frå teksta som tittel, kan sjå kult ut. Dette er det to (med mange varianter) måter å gjera på. Ein kan

a) ha eit kvardagsleg ord

b) ha eit uvanleg ord

Viss ordet er uvanleg er det viktig at det kling godt, viss ikkje kan det fort verka dumt. Eg skreiv nyleg ei novelle eg kalla "Kattedalten". Det verka smart. Å kalla ei tekst for "Iskrembabysnorkel" derimot, kan få det til å verka som du ikkje meiner noko anna med teksta enn å verka sær sjølv.

Det som er fullstendig avgjernade er at ein har ein god grunn til å velja akkurat det substantivet ein vel. Dei eg har spurd er alle einige om at å velja tilfeldige ord som knapt har noko med teksta å gjera, er ein dårleg ide, og verkar dummare enn interessant. Viss du skal skriva ei novelle om ei jente som går til skulen, får ein ny ven, men så vert venen drepen, så er "Iskrem" ein dårleg tittel, med mindre venen faktisk vart drepen av iskrem. Grunnen er at du fort, igjen, kan falla i "eg er sær"-båsen. På den negative måten. Det er kult å vera sær, men ikkje viss det er med "vilje". Difor er det viktig å få lesaren til å tru at du berre er sær, ikkje at du prøver å vera det.

Det som er kult med Iskremteksta, viss venen faktisk vert drepen av iskremen, er at tittelen ser hyggjeleg ut. Iskrem. Noko dei fleste likar. Tittelen røper heile mordet, men det har ein inga aning om. Ein ventar og at teksta kjem til å handla om iskrem, og mest sannsynleg på den hyggjelege måten. Difor vert teksta ekstra brutal når ein døyr av iskremen. Ein ulv i fåreklede.

"Henrettelsen" derimot, er ei tekst som ikkje lover godt. Her vil ein venta seg ei avretting i anten bokstaveleg eller metaforisk forstand, og uansett kva ein vel, er sjansa stor for at det heile vert banalt. Grunnen til at eg valte "Henrettelsen" som tittel i dette tilfellet, var av di avrettinga ikkje føregjekk fullstendig bokstaveleg eller fullstendig metaforisk, men heller kan sjåest som ein absurd fantasi eit menneskje kan få i ein underleg sinnstilstand. Når ei tekst er skrive noko usamanhengjande, forvirrande og kornete, likar eg enkle substantiv, då det kan verka som om forfattaren ikkje har laga tittelen sjølv, av di han er for fjern til å tenkja på den slags.

Eg trur det er viktig å vera forsiktig med å velja mørke ord som tittel, då tenkjer eg på "Daud", "Drap" og "Blod" - viss teksta faktisk skal handla om desse tre tinga. Igjen, det kan fort verta banalt. Viss ei tekst handlar om daud, kan ein gjerne kalla teksta opp etter noko anna, som til dømes mordvåpnet (viss det var eit interessant våpen), det siste personen såg før han døydde (viss dette var viktig) eller, viss teksta er svevande og kornate, kanskje til og med drapet i seg sjølv. "Kvelninga", "Drukninga", "Hengjinga". Bestemt form vil alltid sjå tøffast ut, iallfall viss ein skal spørja meg. "Kvalt," "Drukna" og "Hengt" vil derimot sjå banalt ut igjen.

Merkelege ord som "Kattedalten", vil eg kun nytta viss dette ordet skildrar teksta forferdeleg godt, så godt at det ikkje ser ut som ein prøver å vera sær, men som om ein gjev teksta eitt ord og dette var det einaste ordet. "Kattedalten". Hovudpersonen fylgjer etter ei katt gjennom heile teksta. "Nakkeknekkeren". Person vert gradvis meir plaga av tvangstanke om å knekka si eiga nakke. "Paulusarar". Kristne som høyrer meir på Paulus enn på Kristus. "Inkassokaffe". Inkassosjef som drikk for mykje kaffi. Titlane er underlege, men dei fortel det dei skal.

I tillegg har ein titlar som høyrest kvardagslege ut. Dette verkar som den nye moten. Ting som "Parken", "Parkbenk" eller "I parken" eller "På en parkbenk". Sjølv vil eg alltid lesa tekstar om park, då det som regel lover godt. Fella er at ein kan verta for kvardagsleg, og då vert det gjennomsiktig. Det er på same måte som at ein gjerne vil skriva ei mørk tekst med ein mørk tittel, men ein vil ikkje kalla teksta for "Nattens mørke drap", då dette vert så gjennomsiktig at teksta er nøydd til å vera ein paroditekst for å ikkje vera mislukka. "Buss", "Katt", "Mann", "Tog". Tilfeldige ord. Det fungerer nesten alltid, folk likar det. "Bussen", "Katten", "Mannen" og "Toget" vil og fungera. "Ein buss", "Ei katt", "Ein mann" og "eit tog" fungerer framleis. Men ikkje let det vera tilfeldig. "Ei katt" krever at teksta
a) handlar om ei katt
b) at katta, tydeleg eller utydeleg, gjer noko stort for handlinga som til dømes å indirekte eller direkte redde/ta eit liv
Viss katta berre er ein detalj, som ikkje gjer noko til eller frå, fungerer det ikkje.

Lange, lange titlar:
Dette er ofte det motsatte av å ha eit enkelt substantiv som tittel. Då tenkjer eg til dømes boka "Hundreåringen som klatret ut gjennom vinduet og forsvant". Sjølv tykkjer eg det er litt på grensa, men samstundes er setninga så interessant at eg vil sjekka det ut allikevel. Difor fungerer det.

Eg trur regelen er at viss tittelen er lang og forteljande, så vert det interessant.
"Mannen som gikk ombord på toget og opplevde noe interessant". Eg hadde lese.
"Hvorfor Rita ville skille seg fra Frank" - Eg hadde lese
"Kvinnen som valt i krokodillevannet, og hva som skjedde da" - Absolutt!

Viss tittelen derimot er lang og abstrakt, kan det plutseleg sjå ut som om ein har laga ein lang tittel berre for at det skal sjå langt ut.
"De mørke dalers smerte i den skumle skumringers dans bak månen".

Den lengste tittelen eg har gått for, var ei novelle eg kalla "En mobber ligger til press mellom bøkene på biblioteket". Ikkje med vilje. Det var rett og slett tittelen eg ville ha, og at han var lang, var ein tilfeldigheit. "Mobberen ligger til press mellom bøkene på bibliteket" ville ha vore kortare, men berre eit mellomrom. Difor er det ikkje vits å prøva å korta det ned. Langt ser stadig bra ut.

"Dette skjer":
Viss ein let tittelen vera ramma kring teksta. Det er ofte det som skjer viss ein vel eit substantiv, og då eit viktig substantiv, til tittel. Dette er kanskje min absolutte favoritt, og eg gjer det nesten heile tida. Her er nokre døme på forteljande titlar eg har valt på tekstar:

- En arbeidsdag for Dramadronninga
- En prat i Mørke
- Praten med Fabian
- Tetid med drapsmann
- Ei fortelling om begynnelser
- Mannen som flytta heim til mor si
- Kaffe med skaperen

Alle desse titlane er konstante, på den måten at det som skjer i tittelen, skjer heile teksta. Det er ei ramme, men samstundes fortel det ikkje om handlinga, kun noko av motivet. Det gjev eit bilete.

Tittel før teksta:
Det eg meiner no er at tittelen er kva som kjem rett før teksta. Altså ein tittel som i og for seg kan stå med kolon etter. Eg har ein god del av dei og, av di det er noko som er nøydd til å fanga merksemd. Her er nokre døme:

- Til deg som skal jukse på matteprøven:
- Her kjem sanninga:
- Veit du hva?

Så, kva er det som skal skje? Kva er det du presenterer? "Til deg som" er ein vanleg versjon. "Til deg som har mista ein ven", "Til deg som er rik", "Til deg som skal drepa bror min:".

Andre ting kan vera "Eg må fortelja deg noko", "Høyr no", "Ikkje for å vera frekk, men -"

Eit spørsmål:
Å spørje lesaren om noko kan vera ein kul måte å laga tittel.

"Kvar har du lagt Mathias?"

Vert du nyfiken no? Kven har lagt Mathias kvar? Er Mathias daud? Er dette eit spørsmål til ein mordar, eller til ein kidnappar? Er Mathias eit menneskje, eller ei dokke?

Det er ikkje sikkert nokon faktisk kjem opp med spørsmålet i teksta, men det kan liggja bak. Viss Mathias-teksta handlar om nokon som leiter etter liket av Mathias, vil denne tittelen vera spanande, sjølv om ein kanskje aldri får treffa mordaren og sprøja kvar han faktisk har lagt Mathias.

Spørsmål ein og kan nytta, er spørsmål som direkte er i teksta.

"Elskar du meg, Robin?!"

"Er eg fin på håret?"

"Skal du ha bank?"

Måten eg ofte får titlar i hovudet, er ved at dei fell inn i hovudet mitt på ein relativt lite alvorleg måte. Viss eg til dømes hadde skrive ei novelle om ei krokodille som åt eit menneskje, ville ein naturleg tittel for meg ha vore "Middagsmat", og viss eg skreiv om eit menneskje som skulle reisa langt vekk for å finna seg sjølv, er "Ut på tur" det fyrste som fell meg inn. Titlar jobbar eg sjeldan mykje med, då eg tykkjer det spontante som regel ender opp med å verta best og minst kunstig. Titlar eg veit at eg har laga på denne måten er "Ren og fin", som handlar om ein mann som slår dottera si så ho vert båe gul og blå og blodig, av di ho er "skitten" inni seg. "Ren", åleine, hadde for meg verka for svulstig. "Ren og fin" derimot er eit vanleg uttrykk ein gjerne seier i ein munter tone. "Kvar er Tom?" er ein tittel laga på same måte - hovudpersonen lurer på kvar Tom er, difor er det naturleg at tittelen spør om det same.

Eg håper dette har vore til hjelp eller underhaldning. Viss ikkje så kjem eg til å skriva fleire innlegg om titlar. Eg set pris på tilbakemelding på dette innlegget så eg veit om det inspirerte eller ikkje og korleis eg evt. kan gå fram neste gong.

tirsdag 3. juli 2012

Brennesle er tingen!



Før var det vanleg å dyrka brennesle, no er det vanleg å luka det vekk som "ugras". Eg trur hovudgrunnen er at det er heilt gratis. Noko kan jo ikkje vera båe gratis og sunt, og iallfall ikkje berre veksa kring i hagen. Alle sunne ting finst trass alt kun på Sunnkost og andre dyre, dyre butikkar. Dette er berre av di diverse menneske ynskjer å tena pengar. Ikkje la dei gjera det. Drit i dei dyre butikkane og fiks alt sjølv. Nesten alle kapslar du kan kjøpa er berre noko kødd som grådige kapistalistar har laga for å tena pengar på at du er redd for helsa di. Høyr no:

I går og dagen før var eg ute og sanka brennesle. Eg fann det ikkje i hagen, men ved porten og utanfor hagen til naboen. På leikeplassen var det masse av dei. Brennesle er tingen.

Brennesle er superduperbra for blodet ditt. Blodet ditt elskar brennesle. Dessutan er denne urta, for det er det det er (det latiske namnet er til og med "urtica", og det seier litt), full av spanande vitaminar og mineralar, og er ein av dei mest næringsrike plantane i naturen! Viss du luker vekk brennesle, så er du rett og slett ein idiot. Dei inneheld mykje jern, vitamin C og klorofyll. Dei som vil auka blodproduksjonen, bør eta nesle. Dei som er gravide og ammande, bør eta nesle. Dei som har anemi, bør eta nesle. Kast dei jævla jerntablettane, for dei kan verka forstoppande. Dessutan er brennesle topp for kvinner i puberteten og overgongsaldaren, grunna blodtilførsla. Dessutan har brennesle ein beroligande effekt. Viss ein har ADHD kan ein drikka brenneslete, og kanskje til og med viss du skal leggja deg.

Forkjøling, astma, kikhoste - plukk brennesle! Og frøa ein finn i stornesla skal dessutan auka sexlysta.

Så kvifor prøva å utrydda denne fantastiske urta? Plant ho i staden.

Dei siste dagane har eg haldt på med brennesle heile tida. Har vore ute og plukka ei heil bøtte full av dei, me var tre menneske til å gjera jobben, på leikaplassen i nærleiken - for å laga brenneslete.

No skal eg fortelja korleis me gjorde det:

Hagehanskar er tingen. Utan hagehanskar, får ein vondt i henda. Det er og lurt å ha på seg ein genser så ein ikkje brenn seg på armane, for viss ein brenn seg heile tida, får ein ikkje lyst å fortsetja å plukka brennesle.

Det beste er å plukka dei minste. Dei er nyast, og det er mest næring i dei. Plukk dei minste. Finn du ein stor, plukk toppen. Frøa kan og vera med, dei er og sunne. (Du kan jo planta nokre av dei i hagen viss nokon har klart å utrydda brennesleen der)

Når du har samla dei i til dømes ei bøtte, kan du skylla vekk diverse insekt og kryp i vatn. Legg dei så på eit håndkle, og ha det i ovnen på 40-50 grader. Der skal dei stå svært lengje, dei kan godt stå heile dagen, iallfall fleire timer.



Det viktige er at du skal kunne smuldra dei opp til pulver så lett som berre det. Då er dei flotte. Ta dei av stilken (er ikkje vits å ha dei på stilken) og putt dei i eit glas du kan bevara dei i. Det gjekk greitt dei fyrste gongane, men dei siste bretta brennesle brann stadig i henda. Viss ikkje eg tek feil skal dei slutta å brenna ved 60 grader, så det er allikevel trygt å nytta dei som te.

Vil du gjera det skikkeleg så tek du litt av den tørka brenneslen i ei kjele og let det koka i 15 minutt. Då får du og mest av næringa, og det er lurt. Viss du ikkje gidd, har du det i ei tesil og nyttar det på same måte som vanleg te, men det er lurt av vatnet nettopp har vorte kokt, for viss ikkje kan du nok brenna deg på tunga.

Ein diger bøtte fyllar opp eit glas som dette. Viss du vil ha heile vintaren, bør du altså plukka masse, masse, masse brennesle. Du kan sjå på det som ein aktivitet som vil taka nokre dagar, men det er ein flott aktivitet å halda på med om sumaren.

Eller kva?!





søndag 1. juli 2012

Dette er ein ny blogg

Eg blogga tidlegare på ein annan blogg som gradvis vart mindre interessant ettersom eg mista den forma for inspirasjon. No skal eg starta med eit nytt og spanande konsept, for å få det betre samla i hop. Bloggen kjem til å innehalde lite av kva eg gjer om dagen, med mindre eg gjorde noko som var ytterst interessant og som andre og burde prøva å gjera.

Ting eg kjem til å blogga mykje om er skriving. Båe korleis min eigen prosess fungerer når eg jobbar med forskjellege prosjekt, og spanande skrivetips, øvinger og oppgåver.

Bloggen kan koma til å handla om andre ting og. Det kan til dømes dukka opp meiningar og tankar kring interessante ting, eit arrangement eg har vore på eller ei stilig urt eller ei matoppskrift eg laga. Hovudpoenget er at eg ikkje kjem til å søla bort bokstaver på noko som helst som er fullstendig unyttig.

Me sjåast i neste innlegg.